Fann 21.300 sigarettar

Heime hos ein utanlandsk statsborgar busett i Vindafjord fann politiet i januar i år 21.300 russiske sigarettar, som han forklarte var mynta på vidaresal. Sigarettane var innført ulovleg til landet.

No er mannen, som er i 40-åra, i Haugaland tingrett dømd til 21 dagar i fengsel på vilkår med to års prøvetid for brot på tollova. Han må tåle inndraging av sigarettane, og han må betale ei bot på 20.000 kroner.

Mannen innrømte forholdet med sigarettene i retten, men ikkje ulovleg import av 12 liter sprit som han òg var sikta for. Alkoholen, som politiet også fann i bustaden hans, fortalde han at han og kona hadde samla opp etter reiser fordelt over ein periode på tre år, og innafor kvotereglane. Etter ein telefonsamtale mellom tingrettsdommar Silje M. Lunedegård og politiadvokat Elin Kongestøl trekte politiet denne delen av siktinga.