Held fram poengsankinga

Etne tok imot Leirvik Ballklubb til heimekamp på Etne Stadion torsdag. Etne var det førande laget i store delar av kampen, og burde ha skåra fleire mål enn fire. Det stod 2-1 til pause etter to mål av Kristoffer Grønstad for Etne, medan Øystein Hillestad reduserte for Leirvik før pause. Etter kvilen kom det to mål av Lukas Chybowski for heimelaget, før Alfred Berge reduserte på straffe.

Dette er den fjerde sigeren på rad for Etne som klatrar heilt opp på 5. plass på tabellen. Vats 94/Skjoldar og Ølen spelar sine kampar på måndag denne runden, men dei er komne på etterskudd i høve til Etne på tabellen.

Les meir om sigersrekka og kampen i måndagens avis.