Dette fotoet blei trekt ut som vinnarbildet i fjor. Ørnenibba er Ølmedal si eiga «Trolltunge» og ligg mellom Breiaskar og Tinden. Konkurransen gjorde at mange fekk auga opp for denne ukjente attraksjonen.
Foto: Bodil Imsland
Dette fotoet blei trekt ut som vinnarbildet i fjor. Ørnenibba er Ølmedal si eiga «Trolltunge» og ligg mellom Breiaskar og Tinden. Konkurransen gjorde at mange fekk auga opp for denne ukjente attraksjonen. Foto: Bodil Imsland

Send inn til fotokonkurranse

Bli med på fotokonkurranse.

Tradisjonen tru inviterer me lesarane til å vera med å setja sitt preg på Sommarmagasinet vårt. Dette er ei temautgåve som skal visa litt av kva bygdene og naturen i Etne og Vindafjord har å by på. Difor; finn fram fotoapparatet eller mobiltelefonen og send inn ditt bidrag.

Me ynskjer spesielt bilde av personar i sommarmodus, i spektakulær natur og motiv som gir inspirasjon til å koma seg ut i frisk luft.

Dei innsendte bilda må ha god oppløysing slik at dei eignar seg på trykk. Skriv ein kort informasjon om bildet, kor det er tatt, eventuelt namn på personar (frå venstre), og kven som er fotograf. Gi gjerne eit lite turtips slik at lesarane kan finna fram.

Me trekkjer ut eitt vinnarbilde som vil bli presentert i Sommarmagasinet 2017, saman med ein del andre innsendte bilde. Førstepremie er ein mini iPad. Tre andre vil få kvar sine fem Flax-lodd. Alle bilda me får inn vil bli presentert i fotoalbum på grannar.no.

Sendt ditt bidrag på e-post til foto@grannar.no innan 22. mai. Merk sendinga med «Fotokonkurranse».

Lukke til!

Arne Frøkedal

redaktør