Køyrde nesten frå førar-kortet

Ein av dei 12 sjåførane som fekk forenkla førelegg under Utrykkingspolitiet sin kontroll på E134 i Vats laurdag kveld, var nær ved å bli fotgjengar. — Høgaste fart var 114 kilometer i timen i 80-sonen. Førarkortet villa ha vorte inndratt om han vart målt til 116 kilometer i timen, seier operasjonsleiar Trond Børge Åsbu ved Sør-Vest politidistrikt i Haugesund.