34-17-grassbrannfare bømlo foto politiet

Lyngbrann i Sandeid

Politiet melder tidleg onsdag kveld om ein gras/lyngbrann ved Stoplevegen i Sandeid. Eit mindre område er svidd av, opplyser Sør-Vest-politidistrikt avd. Haugesund.

Lensmannen i Vindafjord og Etne, Ingvar Gjærde minner om brannfaren. — Det er tørt for tida så folk må ikkje tenna bål, seier han.

Laurdag vart det meldt om branntilløp i gras ved Håfoss i Etne. Eit bål hadde kome ut av kontroll og vinden tok tak flammanesom spreidde seg til graset. Brannmannskap kom til staden og fekk elden under kontroll. Bildet (Foto: Politiet) er frå Bømlo der det var ein større grasbrann tidlegare i veka.