Mange med ubetalt årsavgift

426 bileigarar i Vindafjord og 256 i Etne kommune har framleis ikkje betalt årsavgifta, viser ein oversikt frå Skatteetaten. Dei er i klasse med rundt 289.000 bileigarar som risikerer ein smell om dei ikkje har gjort opp for seg innan 10. Lokalt kjem etnebuen dårlegast ut med vel 7 prosent som har fått purring, medan tilsvarande del i Vindafjord er på rundt 5,7 prosent. Dei dårlege betalarane blir i år følgt opp av skatteetaten. Totalt skuldar eigarar av køyretøy staten 733 millionar kroner. I år er det 7,64 prosent som ikkje har betalt årsavgifta innan fristen, i fjor var talet på 8,66 prosent.

Dei som får purring har enten ikkje betalt årsavgift eller betalt for seint. I begge tilfelle må dei nå betala tilleggsavgift. Etter det vil Statens innkrevjingssentral krevja inn ubetalte krav frå den som eide bilen 1. januar i år. Det betyr at eigar kan få tvungen trekk i lønn eller trygd. Dersom ikkje alle avgifter er betalte innan fristen på purringa, vil du motta vedtak om avskilting i juni. Bilen blir då avskilta ved kontroll.