NRK meldte tysdag kveld at støttepartia KrF og Venstre torpederer regjeringa sitt landbruksoppgjer. Også Ap gjekk overraskande ut og sa dei var villige til å gi bøndene meir enn tilbodet dei fekk av staten.
Det var ein avstand mellom krav og tilbod på om lag éin milliard kroner då partane gjekk til forhandlingsbordet, og 16. mai blei det klart at dei to bondeorganisasjonane braut forhandlingane. Nå er det klart at regjeringa ikkje får fleirtal i Stortinget for sitt tilbod på 410 millionar kroner og at bøndene vinn fram, iallefall med ein del av kravet sitt.
Kor mykje bøndene vil får, er likevel ikkje avklart. Dette vil bli avgjort i forhandlingar mellom Ap og dei to støttepartia til regjeringa. Også Sp støttar bondeorganisasjonane sitt krav om eit betre oppgjer.
Under forhandlingane auka staten sitt tilbod til 550 millionar kroner, og det er mykje som tyder på at fleirtalet på Stortinget kan koma til å gå over den summen.
I tillegg til å auka den økonomiske ramma, er stortingsfleirtalet einige om å vri støtta slik at dei små- og mellomstore bruk får meir enn det regjeringa la opp til, melder NRK.
Nå skal partia koma med sine innspel i næringskomiteen, som har frist til 8. juni med å bli ferdige med si innstilling.