Kommunestyret i Vindafjord har samrøystes gått inn for å framskunde tidspunktet for når nye avdeling ved Skjold barnehage skal stå ferdig. No legg vedtaket opp til at utvidinga av barnehagen skal vere ferdig til hausten 2018. I opptaket frå hausten av får 10 barn tilbod om plass i andre barnehagar på grunn av mangel på plass i Skjold. Flest går til Øvre Vats, men barna blir spreidde i seks forskjellige barna. Reidar Håvås (Ap) framheva at det er uheldig og føreslo i samle ungane i ein felles, mellombels barnehage i Skjold. Det fekk Ap sine stemmer, og andre representantar meinte det er akseptabelt med ei mellombels ordning sidan den i utgangspunktet er meint å vare i eitt år.