nger-Janne Stokland  blei millionær med å ringja til Hamar.
Foto: Privat/Norsk Tipping
nger-Janne Stokland blei millionær med å ringja til Hamar. Foto: Privat/Norsk Tipping

Ringte Hamar og vann éin million

Inger-Janne Stokland i Øvre Vats tok ein telefon til Norsk Tipping på Hamar og vann éin million kroner.

Spelselskapet har hatt enorm pågang med ein ny konkurranse som har gått den siste veka. Det vanlege er at heldige millionvinnarar blir ringt opp frå telefonnummer 625 60 000. Denne gongen var det snudd på hovudet; alle over 18 år, og dei som er registrerte kundar, har hatt sjansen til i ringa nummeret til Hamar. Den heldige innringjaren som trefte på rett tidspunkt, kunne bli millionær.

— Og telefonen har ikkje stått stille, opplyser Norsk Tipping i ei pressemelding torsdag kveld.

Og den heldige blei til slutt ein 32-åring frå Vindafjord.

— Dette kjennest på kroppen, er kommentaren frå Stokland til speloperatøren.

Alle som kom igjennom vann ein premie, men det gjævaste premien på 1 million kroner blei delt ut 4. mai klokka 16:15 og gjekk til Øvre Vats.

— Eg blei så overraska over at de tok telefonen, då det svarte så kjente eg det godt i magen altså, fortel den nybakte millionæren til Norsk Tipping om vinnaropplevinga.

Inger-Janne Stokland har vore ein av dei ivrige på tråden. Ho har ringt og ringt kvar dag i heile perioden, og har fått beskjed om at det er mange i køen. Ho var heime og hadde sendt barna ut for å leika i det fine vêret, då fann ut at ho skulle ringja til Hamar igjen. Til slutt gjekk telefonen inn, premiekofferten blei opna og Stokland kunne jubla for 1 million.

— Er det sant!! Hahaha, har eg vunne 1 million kroner? Det er jo heilt fantastisk! Dette kjenner eg heilt ut i fingrar og tær, jubla den svært så fornøgde 32-åringen, ifylgje Norsk Tipping.

Mannen hennar jobba med å gjera familiens faste campingstad klar til sommaren då million-meldinga kom.

— Han lurte på om dette var tull. Me fann ut at litt av pengane må gå til ei oppgradering av campingstadet vår. Og så blir det nok også ei lita feiring, seier vinnaren frå Vats.