Sjåfør vart fotgjengar

Ein sjåfør kvalifiserte akkurat for førarkortbeslag då bil vart målt til 86 kilometer i timen på E134 i Isvik tysdag føremiddag, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund. Hadde bilføraren blitt målt til 85 kilometer i timen hadde han sloppe unna med eit forenkla førelegg, slik dei 22 andre sjåførane som tråkka for hardt på gasspedalen gjorde. Kontrollen varte frå klokka 10 til 12.