Slo til med målfest

Ølen hadde besøk av Torvastad i den sjuande runden av 5. divisjon, og dette var kvelden då effektiviteten var på topp for heimelaget. Heile 5-0 leiing til pause, vart til 9-1 siger til slutt. Rune Torstenbø(2), Stian Haugland(2), Hans Rørtveit, Sverre Ramsfjell, Magne Christiansen, Kristoffer Kalstveit og Oliver Vestbø stod for skåringane til Ølen.

Tabelljumbo Sauda hadde tatt turen til Nedre Vats for å møta Vats94/Skjoldar, og heimelaget vann 5-0. Stillinga ved sidebytte var 1-0, etter ei skåring av Kristian Langeland. Same mann auka til 2-0 etter kvilen, og Øystein Gjellestad, Trygve Meland og Leif Emil Thomasen sette inn kvar sitt mål utover omgangen.

Både Ølen og Vats 94/Skjoldar trengte desse poenga for ikkje å sakke akterut på tabellen. Etter sju kampar ligg Etne på 6. plass med 12 poeng. Ølen ligg på 9. plass med 9. poeng, medan Vats 94/Skjoldar har 8 poeng og ligg på 11. plass.

Alle tre laga skal spele nye kampar allereie før helga, denne gong på bortebane. Vats94/Skjoldar skal til Stord og møte Leirvik Ballklubb på torsdag, medan Ølen møter Åkra 2 på fredag. Same kveld tar Etne óg turen til Karmøy, der dei skal møte Kopervik 2.

Les meir om storsigrane til Ølen og Vats 94/Skjoldar i torsdagens papiravis.