På ein klar og flott dag gir ein tur Hodlanstadnuten nydeleg utsikt mot Etne og nordvestover. Frå Berge er turen til topps unnagjort i løpet av ein liten time. Foto: Marte Jordal
Fin utsikt frå Hodlestadnueten i Etne, eit av bilda som var med i fjorårets fotokonkurranse til Sommarmagasinet. Foto: Marte Jordal

Siste frist

Send inn bilde til Grannar og vis kva distriktet har å by på av natur og attraksjonar.

Grannar sin fotokonkurranse til årets Sommarmagasin går mot slutten. Lesarane er inviterte til å senda inn bilde som ei marknadsføring av distriktet, for å lokka folk til Vindafjord og Etne og få fleire ut på tur langs fjord og fjell.

Sendt ditt bidrag på e-post til foto@grannar.no innan midnatt måndag 22. mai og merk sendinga med «Fotokonkurranse».

Skriv litt om motivet og namn på fotograf.

Førstepremie er ein mini iPad. Tre andre bidragsytarar vil få kvar sine fem Flax-lodd.

Alle bilda blir lagt ut i fotoalbum på grannar.no.

Lukke til!

Arne Frøkedal
redaktør