Stal brannsløkkar frå tunnel

Brannvesenet i Etne rykte ut til Rullestadtunnelen på E134 måndag kveld etter melding om at ein brannsløkkar var aktivisert. Tunnelen vart automatisk stengd som følgje av hendinga. Då brannvesenet kom fram var det ingen flammar å sjå, men det viste det seg at nokon hadde stole brannsløkkar-apparatet. Politiet er varsla om hendinga, melder 110-sentralen på Twitter.