Stansa tung fruktlast

På veg til Haugesund.


Måndag kveld stansa politiet på ny ein varebil med overlast på E134. Det er den andre bilen på eitt døgn som er stansa for same type forhold i Grannar-distriktet. Mens varebilen med mat som vart stansa sundag kveld i Skjold  hadde eitt tonn overlast, hadde varebilen som vart stansa i Ølen måndag kveld ei overlast på 180 kilo. — I hovudsak var det snakk om frukt på veg til eksotiske butikkar i Haugesund, og det er oppretta sak, opplyser politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.