Stoppa med overlast

Politiet fann store mengder matvarer i varebil.


Politiet stansa sundag kveld ein varebil på E134 Skjold. Det viste seg at den var fullasta med matvarer og hadde eit overlast på tusen kilo. Ein 24 år gamal sjåfør er anmeldt. Mattilsynet blei varsla om beslaget, opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.