Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Vitne har tatt kontakt

MC med to personar nær kvesta av personbil. Politiet ønskjer kontakt med fleire vitne.

Av Arne Frøkedal og Torstein Nymoen

Politiet melde fredag kveld at dei ynskjer å koma i kontakt med MC-føraren som måtte vika i samband med ei forbikøyring på E134 i Skjold fredag ettermiddag.

Etterlys vitne

Det var rundt klokka 17 at hendinga skjedde. Etter fleire tips frå publikum, mellom anna om uforsvarleg forbikøyring, kunne politiet like etter stansa ein 36 år gamal utanbygds bilførar som er mistenkt i saka.

Førarkortet blei inndrege, men politiet er interessert i fleire vitne og ber dei ta kontakt på telefonnummer 02800.

— Så langt har eit vitne tatt kontakt med oss om saka. Men eg har ikkje oversikt over om dette er ein av dei to personane som sat på den aktuelle motorsykkelen som måte vike for personbilen, opplyser operasjonsleiar Trond Børge Åsbu til Grannar laurdag føremiddag.

Set pris på tips

Han legg til at opplysninger frå publikum om uvettig og mistenkeleg køyring alltid er nyttige for politiet.

— I dag er det like mange mobiltelefonar som det er menneske i ein bil. Mange har også installert dashbordkamera. Dermed kan mange sitja på dokumentasjon som kan vera viktige bevis for politiet i eventuelle straffesaker, slår Åsbu fast.