Noreg møter Tsjekkia heime på Ullevaal stadion 10. juni. Tre dager seinare er det privatkamp mot Sverige. Uttaket gjeld begge kampane.
Noreg ligg nest sist i gruppe C i etter at fem av ti kamper i VM-kvaliken er spelt. Fasiten så langt er fire tap og éin siger. Dei tre poenga kom mot San Marino 10. oktober i fjor. Tyskland leiar gruppa med 15 poeng, føre Nord-Irland som har 10 poeng.
Under pressekonferansen gav Lägerback uttrykk for at kontinuitet er viktig, men at han også vil nytte desse to kampane til å teste spelarar.