Hans Olav Tungesvik på sjukehus etter ulykke.

Hans Olav Tungesvik. Arkivfoto Grethe Hopland Ravn

Alvorleg skadd

Hans Olav Tungesvik på sjukehus etter ulykke.

av Torstein Tysvær Nymoen

Den kjende KrF-politikaren, tidlegare stortingsrepresentant og psykiater Hans Olav Tungesvik (81) ligg alvorleg skadd på Haukeland Universitetssjukehus etter ei ulykke i Skånevik måndag føremiddag. Familien har valt å gi ei kort stadfesting til Grannar, då dei har forståing for at Hans Olav Tungesvik er ein kjend person, og at mange har høyrt om ulykka. 

— Han er alvorleg skadd og ligg på Haukeland universitetssjukehus. Han har familien rundt seg, og me håpar på det beste. Samstundes vil me be om forståing for at me treng ro rundt situasjonen, seier sonen Steinulf Tungesvik på vegner av familien.

Ulykka skjedde då Tungesvik kolliderte med ein personbil då han var ute på sykkel. Dei var på veg i same retning, austover, då dei om lag klokka 10.45 støytte saman like ved det tidlegare bankbygget i Skånevik. Politiet opplyste måndag at førebelse undersøkingar tydar på at syklisten har kome ut i vegen.

— Men det er for tidleg å gå nærare inn på årsaka til ulykka, seier politibetjent Vidar Haraldseid ved Etne og Vindafjord lensmannskontor onsdag. First Responder-teamet i Skånevik kom raskt til ulykkesstaden. Det same gjorde lege. Etter kvart kom også ambulansebåt og ambulansehelikopter til staden. Det er ikkje mistanke om ruskøyring. Politiet har ikkje funne grunn til å ta beslag i førarkortet til sjåføren, ein mann som var åleine i bilen.