Tysdag 6. juni blir det sommarkonsert med Skakkekoret på Skånevik fjordhotell, og for første gong skal prosjektkoret for ungdom også syngja saman med Skakkekoret. Når det gjeld stemmebanda til publikum, er det berre å byrja å reinska halsen, for det blir lagt opp til både konsert og allsong. I pausen blir det servert kaker og kaffi som er inkludert i billettprisen. Konserten blir truleg inne i hotellet, men skulle det bli godt sommarvêr går arrangementet av stabelen på hotellplenen.