Dei som ikkje har høve til å stemma under valet på valdagen eller i den ordinære perioden for førehandstemming kan i tida frå 1. juli t.o.m. 9. August venda seg til kommunen og avtala tid for å stemma. Før valdagen kan du førehandstemma i kva kommune som helst i landet. På valdagen må du stemma i den kommune du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre stemma éin gong. Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med legitimasjon.