Effektivt bortelag

5. divisjonskampen i Skjold var noko meir jamn enn resultatet 0-4 kan tyda på, men det var ein merkbar skildnad på laga. Hemmingstad skåra på fire av sine sjansar, medan Vats 94/Skjoldar ikkje fant vegen til nettmaskane i det heile. Heimelaget hadde óg sine moglegheiter, men siktet var ikkje stilt inn mellom stengene denne gongen. Hemmingstad sette inn to mål i kvar omgang, og vann med solid margin til slutt. Mot slutten av kampen vart ein spelar på kvart lag utvist, noko som sette sinna i kok utpå bana,

Vats 94/Skjoldar ligg med dette på sine 11 poeng på 10 kampar, fire poeng bak Etne og Ølen.

Les meir om kampen og dramatikken i måndagens papiravis.