Foto: MAGNE SKÅLNES
Sigeren i boks! Etnespelarane feirar Thomas Lien (nr 9) si 3-0 skåring mot Haugar. Foto: MAGNE SKÅLNES

Etne banka serieleiaren

Serieleiaren i 5. divisjon fotball fekk bank av eit formsterkt Etne-lag.

Haugar hadde ni sigrar og éin uavgjort bak seg, og ikkje tapt ein kamp i årets 5. divisjon før dei kom til Etne. Men serieleiaren fekk det tøft på kunsgraset i Etne tysdag kveld. Haugar kom mest ikkje til ein sjanse i opent spel, medan Etne hadde fleire utanom dei tre måla dei fekk. Kristoffer Grønstad og Sverre Fjæra (str.) skåra før kvilen.

Etter sidebyte prøvde Haugar å skru opp tempoet, men dei klarte ikkje å skapa noko anna enn nokre hjørnespark. Lars Øvernes hadde ei kanonredning frå kort hald etter omlag 70. minuttar. Ti minuttar før slutt fekk Thomas Lien draumetreff frå 25 meter og ballen fauk forbi Haugar-keeperen heilt oppe i hjørna.

Fleire mål vart det ikkje og Etne kunne sleppe jubelen laus. Etne legg seg med dette på 6. plass med 18 poeng. Laget ligg tre poeng over Ølen, medan Vats 94/Skjoldar har 11 poeng så langt.

Les meir om kampen i torsdagens papiravis.

Prøv vår lokale tippekupong her