Færre ledige

NAV sine tal for juni viser ny svak nedgang i arbeidsløysa i Rogaland og Hordaland. Også Vindafjord har positiv utvikling, men er likevel den kommunen på Haugaland som har størst arbeidsløyse med 3,6 prosent heilt ledige. Brutto arbeidsløyse som inkluderer personar på arbeidsretta tiltak, er på 4,1 prosent. Statistikken viser 173 heilt ledige i Vindafjord ved utgangen av juni, mot 180 månaden før. Det er 26 fleire enn for eitt år sidan. I Rogaland er arbeidsløysa på 3,7 prosent. Det er Stavanger, Sandnes og Eigersund som drar opp tala.

Elisabeth Lie Nilsen, leiar i NAV Marked Nord-Rogaland opplyser at dei har mottatt nokre få større varsel om innskrenking i juni. Fire bedrifter varslar om muligheit for 27 oppseiingar og 247 permitteringar. — Dette kan indikera at det er noko uvisse med oppdragsmengde fleire steder etter sommarferien, seier Lie Nilsen.

I Etne kommune er det nå registrert 45 heilt ledige, to færre enn i førre månad. Dette utgjer 2,1 prosent av dei sysselsette, som er lågast i heile Sunnhordland. Det er også åtte færre enn for eitt år sidan. Hordaland har nå 3,0 arbeidslyse, 900 færre enn for eitt år sidan. Det er fjerde månad på rad at fylket har nedgang i talet på ledige. Brutto arbeidsløyse i Etne er på 2,8 prosent.