Auke i tungtransporten mellom aust og vest er ikkje heilt som planlagt. 
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Auke i tungtransporten mellom aust og vest er ikkje heilt som planlagt. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Framskunda byggestart på E134

Etter mykje frå pes frå næringslivet og sine eigne i regionen, har Høgre, Frp og støttepartia KrF og Venstre samla seg om ein merknad til Nasjonal Transportplan som opnar for byggestart på Seljestadtunnelen i 2021.

— At Høgre, Frp, KrF og Venstre har lytta til gode innspel om E134 Haukelivegen har vore heilt alfaomega i denne saka, seier stortingsrepresentant for Høgre Arve Kambe i ein kommentar etter at nyhendet blei kjent måndag føremiddag.

Stortingsrepresentanten frå Haugesund som er leiar av Arbeids- og sosialkomiteen, ser på dette som ein gledeleg dag for regionen. Merknaden frå dei fire partia fører til at førehandskinnkrevjing av bompengar til prosjektet vil starta i 2019, og at bygginga av den vestlege av tunnelane over Haukeli, kan koma i gang to år seinare.

I det opphavlege forslaget til NTP som kom tidleg i april, låg E134 Haukeli inne i siste del av perioden, etter 2024, noko som har skapt svært sterke reaksjonar lokalt og i regionen, ikkje minst frå næringslivet.

— At me nå kan få til byggestart for første tunnelen over Haukeli i første planperiode er heilt avgjerande for vår og dei tre andre partia sitt truverde, seier Kambe vidare.

Han peikar på at E134 er den viktigaste aust-vest-vegen i landet.

— Og når Rogfast opnar om ikkje så mange år, vil den dominere i endå større grad, seier Kambe.

For den som håpte forsering av ny E134 Solheim i Skjold til Bakka i Etne, er den ingen gode nyhende i denne omgangen. Prosjektet er ikkje nemnd i NTP-dokumentet som går fram til 2029 og går ei uviss framtid i møte.