Gav fire gebyr

Statens vegvesen kontrollerte bilar i Vindafjord.


I alt 834 bilar vart sjekka i ein kontroll i regi av Statens vegvesen på E134 ved Favnabø vest for Ølensvåg i går. To fekk bruksforbod pluss at det vart gitt eitt gebyr for manglande bilbelte, eitt for piggdekk og to vognkortgebyr. Vegvesenet sjekka om EU-kontrollen var gjennomført, og dessutan om omregistrering og forsikring og årsavgift var i orden.

Kontrollen sjekka bilskiltet automatisk til 834 bilar som passerte, og 24 vart tatt inn for nærmare kontroll. Sjekken galdt lette køyretøy.