Gjekk til åtak på politimann

Ei kvinne i 20-åra kan venta seg ein straffreaksjon etter at ho først braut besøksforbod, og så gjekk til angrep politiet då dei rykka ut til melding om husbråk på ei adresse i Vindafjord fredag føremiddag. — Det vart eit basketak mellom kvinna og politiet, stadfestar lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Kvinna sat fredag ettermiddag i politiet si varetekt i Ølen.