Håvard Nordtveit er klar for gruppespel i meisterligaen for andre gong i karrieren.
ARKIVFOTO
Håvard Nordtveit er klar for gruppespel i meisterligaen for andre gong i karrieren. ARKIVFOTO

Håvard Nordtveit skiftar klubb

Klar for tyske Hoffenheim.

Vatsbuen Håvard Nordtveit (26) er ferdig i engelske West Ham. Det er Premier League-klubben sjølv som melder dette på sine nettsider. Vindafjordingen har éin sesong bak seg for London-klubben, men vender nå tilbake til Tyskland. Den norske landslagsspelaren har tidlegare hatt ei svært god karriære i Borussia Mönchengladbach. I West Ham har derimot ting ikkje gått heilt som Nordtveit såg for seg. Hoffenheim blei nummer fire i Bundesliga førre sesong og kan kvalifisera seg til Champions League.