Den tidlegare Etne-rådmannen Elling Hetland har i si rolle som styreleiar i det nye Haugaland brann og redning IKS leia arbeidet med å pusle saman den nye interkommunale brann- og redningstenesta for Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Suldal, Sveio Tysvær, Utsira og Vindafjord.
No står han og resten av styre føre ei av dei viktigaste oppgåvene, å finne kandidatar til brannsjefstillinga.
Tilsetting i august
— Det er styret i Haugaland brann og redning IKS som etter planen skal tilsette ny dagleg leiar i løpet, opplys han i ei pressemelding.
Etter planen vil tilsetting finne stad i august. Rekrutteringsprosessen skjer i samarbeid med Personalhuset AS.
Passar på 114.000
— Den nye brann- og redningssjefen får ein spennande og utfordrande oppgåve med å byggje og leie ei verksemd med om lag 380 personar på heil- og deltid, seier Hetland.
Det nye branndistriktet dekker eit stort geografisk område med nær 114.000 innbyggjarar.