Jubel i Vindafjord

Vindafjord kommune jublar etter å ha fått 1.235.000 kroner frå Musikkutstyrsordninga, som skal øyremerkast bygging av seks øvingsrom i kommunen. Ved første tildelingsrunde i 2017 har Musikkutstyrsordningen, som er den nasjonale tilskottsordninga for akustisk, teknisk utstyr og lokale, fordelt nesten 15 millionar kroner til 57 aktørar i heile Noreg. Over 10 millionar går til bygging og utbetring av øvingslokale. Den største tildelinga i denne runden på heile 4.750.000 går til Tou Scene, som får tilskott til bygging av 18 øvingsrom og eitt ensemblerom. Det kom inn 124 søknadar til denne tildelingsrunden, og den totale investeringssummen var på nesten 99 millionar kroner. 57 søknadar fekk tilskott med ei samla tilskottsramme på nesten 15 millionar kroner. Vindafjord kommune var altså ein av dei. Det blei delt ut 3.305.000 kroner til framføringsutstyr, 413.000 kroner til akustisk scenelokale, 10.493.000 til øvingsrom og musikkbingar og 675.000 til øvingsutstyr.