Målrik kveld

Etne vann heile 8-0 over Nord på Etne Stadion torsdag kveld. Nord var ingen målestokk for Etne, som køyrde over laget frå Nordheim frå første minutt. Det stod 5-0 til pause etter skåringar av Erling Bjarte Rullestad(2), Kristoffer Grønstad(2) og Thomas Lien. I 2. omgang kom Eirik Øverland, Vebjørn Ness Lye og Sverre Fjæra på skåringslista, og ein enkel siger var i boks for Etne.

Ølen tok imot Sauda på Ølen Sr-Bank Stadion, og heller ikkje her kunne bortelaget stå i mot heimelaget. Her gjorde Magne Christiansen eit slags comeback frå start, og bidrog med heile fire mål i 6-0 sigeren. Dei to andre måla vart sett inn av Oliver Vestbø og Stian Haugland.

Med dette følger Etne og Ølen kvarandre som skuggar på tabellen. Berre eitt mål skil laga på tabellen i Ølen sin favør.

Vats 94/Skjoldar sin heimekamp mot Kopervik 2 som skulle vore spela fredag kveld er avlyst, melder klubben på si Facebook-side.

Les meir om kampane i måndagens avis.