Foto: Irene Mæland Haraldsen
Daniel Holten sikra EM-bronse med god køyring i helga. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Nummer to i tredje runde

NMK-førar Daniel Holten (25) har vist gode takter så langt i sesongen og leiar NM.

Etter ein andreplass i runde tre i NM i rallycross på Dokka i helga har Daniel Holten frå Vikedal auka avstanden til nummer to samanlagt. Daniel gjekk opp i leiinga i samandraget under andre runde på Vikedal motorbane og han har nå auka leiinga til nummer to, Erik Svartås, til ni poeng.

— Hovudmålet med den tredje runden var å behalda leiinga i NM, og at eg no har greidd å auka denne er eg veldig nøgd med, seier Holten.