Ny nedtur for Ølen

Det vart dårleg poengfangst denne veka for Ølen i 5. divisjon. Måndag vart det tap borte mot Leirvik Ballklubb, og torsdag kveld kunne Kopervik 2 reise heim med full pott frå Ølen. Alle måla kom før pause, og det var Stian Haugland som sendte heimelaget i leiinga. Men to mål frå Kopervik 2 gav Karmøy-laget sigeren. Ølen blir ståande med 15 poeng etter 11 kampar, og er saman med Etne havna litt for langt bak dei beste. Vats 94/Skjoldar kan få kontakt med sine lokale rivalar dersom dei kan klare tre poeng mot Hemmingstad i Skjold i morgon, fredag. Etne spelar heime tirsdag mot tabell-leiaren Haugar.