Nytt fjes i profilert jobb. Lauren McPherson Simonsen i god takt med alt DNT står for.
Foto Arne Frøkedal
Nytt fjes i profilert jobb. Lauren McPherson Simonsen i god takt med alt DNT står for. Foto Arne FrøkedalBilde 1 av 2
Den nye sjefen i Haugesund turistforeining har som mål å få enda fleire i mosjon og ut i naturen.
Den nye sjefen i Haugesund turistforeining har som mål å få enda fleire i mosjon og ut i naturen.Bilde 2 av 2

Ny sjef i turistforeininga

Ho trødde sine barneføter i eit strandparadis i Australia. Nå er det tur i norsk skog, mark og fjell som står på agendaen. Sjølv føler ho at alle val i livet har leia hit, til ei leiarstilling i Den Norske Turistforening.

Lauren McPherson Simonsen (37) er ikkje til å stoppa i sin iver for natur og aktivitetar utandørs. Ho har utdanna seg innan kommunikasjon og hatt dette som levebrød både i heimlandet og i Noreg. Kombinert med eit stort engasjement og jag etter å føreta seg noko, kan det bli fart i sakene.

For nå skal den spreke australiaren prata og leia det haugalandske folket ut av godstolen. Den nye sjefen i Haugesund Turistforening er meir enn klar for neste steg i livet sitt.

— Eg har fått draumejobben. Det DNT står for er verdiar eg verkeleg brenn for, seier 37-åringen som er del av ein stab på fire fast tilsette med ansvar for 6.700 medlemmar og 26 komitear.

Hamna i Ølensvåg

Som den einaste utlending i ei leiarstilling i DNT blir det kanskje også eit nytt perspektiv på arbeidet i turistforeininga. Med sin bakgrunn frå Oseania har Lauren sterke synspunkt på korleis organisasjonen kan lukkast med å få endå fleire til å opna augo opp for norsk natur.

Me inviterte ho på tur i Olalia-traktene og møtte ei smilande og positiv kvinne, med ein glødande iver og ei fysisk form godt over gjennomsnittet. Og sjølvsagt korrekt sporty kledd for litt trasking i terrenget.

Det var kjærleiken som førte ho til Noreg for 13 år sidan, ei avgjerd ho ikkje har angra eit sekund på sjølv om ekteskapet tok slutt. Det gjekk ikkje meir enn eit drygt halvår før Lauren McPherson Simonsen snakka godt norsk. Språkkurset som var det første ho gav seg i kast med etter å ha flytta frå andre sida av kloden til Haugesund, kom til å bestemma vegen vidare.

Me bygde leikehytter og dei andre barna kunne bruka dei dersom dei hadde medlemskort, akkurat som i turistforeininga, bortsett frå at betalinga var snop

Her trefte ho på folk frå ein underentreprenør hos Statoil på Kårstø og som gjerne ville ha den vitale kvinna med i teamet. Gjennom kontakt i Omega AS, som hadde rammeavtale på prosjektet, blei ho ein del av bedrifta i Ølensvåg. Seinare blei Lauren henta inn til hovudkontoret der ho har jobba mest med kommunikasjon og informasjon, den siste tida i Filter AS.

— Det har vore 13 år i Noreg med pendling. Først til Kårstø og seinare til Ølensvåg – halvanna time kvar dag utan at det har plaga meg. I Omega møtte eg ein kultur som passa meg, med sterk fokus på samhald, helse og aktivitet. Det er utruleg vanskeleg å gå frå Omega-familien som har vore ein tredjedel av livet mitt, men dette måtte eg berre seia ja til.

Unike DNT

Som innflyttar til landet ser Lauren det heilt unike med Den Norske Turistforeininga. Ingen andre stader i verda kan visa til ein organisasjon som tilbyr hytter til alle over eit heilt land, rundt 500 i talet, og har eit stort merka nett med sommarruter i fjellet, 200.000 kilometer.

At DNT også er landets største friluftsorganisasjon med over 290.000 medlemmar og 57 medlemsforeining, samt tilknytta lag, som Etne turlag og Vindafjord turlag, synest ho er spennande.

— Eg trur eg har mykje å bidra med, til dømes innan moderne kommunikasjon. Me må bli flinkare til å marknadsføra oss på internett. Eit bookingssystem for alle hyttene til DNT som alt er på gang, vil gjera det lettare å få endå fleire ut i naturen. Det vil også opna for å få fleire utanlandske turistar hit.

Der ho kjem frå har dei fått dette til, spesielt i New Zealand. Frå heimlandet har Lauren relevant erfaring som vil koma til nytte i den nye jobben. Ho var med og bygde opp Australias største bookingnettside innan hotell og reiseliv, wotif.com, noko som blei gjort utan eit budsjett i ryggen. Ein del av konseptet var å skriva og legga ut artiklar som skulle lokka turistar.

— Marknadsføring der også dei mange på tur deltar med bilde og omtale, er viktig for å lukkast.

Sporty

Den nye HT-sjefen har ein spennande og sportsleg bakgrunn som kunne ført ho langt innan idrettskonkurransar. Oppveksten på Redcliffe, ei halvøya nord for Brisbane på den australske austkysten gav ho full tilgang til naturen og fysiske utfordringar. Sterkt i minnet sit helgene då familien; far, mor og barna Lauren og litt eldre Darren, flytta til strandhytta på det den gong litt bortgøymde strandparadiset Sunshine Coast. Her var det mykje å finna på.

— Me bygde leikehytter og dei andre barna kunne bruka dei dersom dei hadde medlemskort, akkurat som i turistforeininga, bortsett frå at betalinga var snop, fortel 37-åringen og smiler.

I oppveksten var ho sterkt knytt til det våte elementet, fysisk bygd for å tola påkjenningar som ho var. Lengst tok tenåringen det i symjing med trening fire timar dagleg og konkurransar. Også andre la merke til den spreke «gutejenta», noko som resulterte i at ho blei tatt ut i eit rekrutteringslag i kajakk med mål om å delta i OL.

Iveren til sportslege og fysisk krevjande utfordringar har den ferske HT-sjefen ikkje lagt bort. Sykling, motbakkeløp, triatlon, frisymjing – alt som er uthaldande, står på programmet. Med to skiglade barn, har australiaren også fått stor sans for den mest tradisjonsrike norske vinteraktiviteten; langrenn, og har nyleg også skaffa seg rulleski

— Kva med ein topptur til fots i fjellet?

— Eg har vore på Lysenuten og sprunge Hestanipen Opp, men er kanskje ikkje den du finn på ein kvar fjelltopp. Det er mange måtar å ha ei god naturoppleving og finna roen på. Eg er av den spontane typen og kastar meg berre på ein tur. Det er då eg slappar av, når eg gjer noko. Kvar og éin må finna sin måte å koma seg ut og nyta naturen.

Prioritet

Den nye sjefen i den lokale turistforeiniga har ein veg å gå i Etnefjellet. Av dei sju lokale turisthyttene har Lauren McPherson Simonsen berre besøkt Olalia fjellstove. Dette har ho tenkt å gjera noko med, helst i løpet av året.

— Og så vil eg at folk frå Etne og Vindafjord skal få augo opp for at dei nå får eit hytte i byen. Villa Vibrandsøy er under full renovering på dugnad, eit veldig spennande prosjekt for våre medlemer. Tenk å kunne tilby overnatting for fire familiar berre nokre få minuttars båttur frå Haugesund sentrum.

Gjenopning av Geitungen fyr utafor Skudeneshavn er eit anna prosjekt på gang, det einaste tilbodet på Karmøy i regi av HT.

Eg er ein person som klarar å sjå andre perspektiv og som er løysingsorientert

Olalia fjellstove er det store prestisjeprosjektet til turistforeininga. Den nye hytta som stod ferdig for to år sidan, har ei unik plassering for svært mange turgåarar i heile regionen. Med god sti heilt fram er dette ei trygg og hyggeleg rute som gjer at alle kjem seg ut i fjellet.

— Sjølve driftsforma har me ikkje heilt funne endå og dette blir ei av mine første prioriteringar. Her vil me også sjå på korleis uteområdet kan utviklast slik at hytta kan bli endå meir attraktive for familiar med barn. Målet er at Olalia skal vera så tilgjengeleg og open som mogeleg, difor må me sjå på modell for drifta. Men hugs at den store og nye sikringshytta alltid er open.

Vil nå alle

Ingen kan påstå at Lauren McPherson Simonsen ikkje har snakketøyet i orden. Ekstra ivrig blir 37-åringen når ho forklarer kor viktig det er for turistforeininga å satsa breitt.

— Det krev kunnskap og kommunikasjon å få dei uerfarne ut i naturen og på plassar dei elles ikkje kjem seg til.

Ho konstaterer at HT har ein imponerande medlemsmasse og at Etne og Vindafjord har relativt høgare medlemstal enn Haugesund. Aldersmessig er over halvparten i 26 – 60 år og resten likt fordelt blant dei yngre og 60+.

— Målgruppa vår er absolutt alle, og ikkje minst ungdom og innvandrarar. Norskkurs på tur er viktig i integreringa. DNT har dessutan ei stor satsing på folkehelse.

I Haugesund har me Barnas turlag, og me prøver å få dette til i Etne og Vindafjord også. Noko av det viktigaste er at DNT blir ei reise gjennom heile livet, og då må me få aktivisert dei yngste med tilbod om teltturar og ulike aktivitetar i vekedagane.

Kontroversar

Å vera leiar innafor DNT inneber også arbeid med å sikra natur- og kulturgrunnlag for friluftslivet. Her møter organisasjonen som høyringsinstans lokale interesser innafor politiske avgjerder og i forhandlingar med grunneigarar. Ho er innforstått med at det også kan bli kontroversar i jobben.

— Eg er ein person som klarar å sjå andre perspektiv og som er løysingsorientert. For meg handlar det om å bruka mine evne på det som er sentralt for turistforeininga. Det meste kan løysast. At DNT har fått til eit landsomfattande hytte- og turnett er spennande og fantastisk, og mitt utgangspunkt er å få til ei god utvikling og det som skal til for å samarbeida, seier den ferske HT-sjefen.

Lagnad

Det var lagnaden som førte Lauren McPherson Simonsen den lange vegen frå dei ikoniske sandstrendene på austkysten i Australia til fjell og natur på den norske vestkysten. Sjølv med australsk pass føler ho seg så norsk at det snart er på tide å skaffa seg ein bunad. Etter mange år med pendling til Ølensvåg er ho meir enn klar til å ta det neste steget i livet, ein profilert og utfordrande jobb som ho føler er som skapt for henne.

— Eg kjenner meg så heime i dette eg nå skal i gang med, og opplever at alle val eg har tatt i livet, har leia meg hit. Det er så mykje bra med DNT og det organisasjonen står for. I dette arbeidet har eg verkeleg lyst til å bidra.