Hans Olav Tungesvik døydde i dag etter ei ulukke i Skånevik på måndag.

Hans Olav Tungesvik. Arkivfoto Grethe Hopland Ravn

Omkom etter sykkelulukke

Hans Olav Tungesvik døydde i dag etter ei ulukke i Skånevik på måndag.

av Jon Edvardsen

Det melder Bergens Tidende på nett i ettermiddag. Han kolliderte med ein bil i Skånevik sentrum for fire dagar sidan, og han døydde på Haukeland universitetssykehus i dag. Tungesvik vart 81 år gammal og har i alle år vore ein aktiv person både i politikk, lokalsamfunn og faget sitt som lege i psykiatri.

Aktivt liv

Tidlegare i år gav han ut boka «Ei forfriskande livsreis» som handla om hans eige liv. Han var aktiv på mange frontar, og var blant anna ein kjent KrF-politikar på riksplan. Til BT seier KrF-leiar Knut Arild Hareide at Tungesvik var ein bauta i partiet og ein nestor innan psykiatrien, og at han tok imot meldinga om dødsfallet med stor sorg.

I det profesjonelle livet sitt bygde Tungesvik opp Frihamn psykiatriske senter i Skånevik der han framleis tok imot pasientar to gonger i veka. I ein periode var han sjefslege ved Modum Bad og han har vore fylkespsykiater i Finnmark.