Camilla Larsen frå Sandeid vann talentkonkurransen på Vikedal Roots Music  Festival i fjor. Fristen for å melde seg på er 26. juni, og premien er studiotid for ein singel. Arkivfoto: Sirianne Vikestad
Camilla Larsen frå Sandeid vann talentkonkurransen på Vikedal Roots Music Festival i fjor. Fristen for å melde seg på er 26. juni, og premien er studiotid for ein singel. Arkivfoto: Sirianne Vikestad

Rootsen inviterer

— Talentkonkurransen er open for alle opp til 25 år, så det er berre å melde seg på, seier Kristin Hafstad Stokka i Rootsen.

Vikedal Roots Music Festival har konkludert med at talentkonkurransen i fjor gav så mykje meirsmak at dei går i gang med ein ny under festivalen i juli. I fjor var det Camilla Larsen frå Sandeid som var juryen sin favoritt og dermed vann talentkonkurransen.

Arrangementet er den første dagen av Rootsen, den 13. juli.

 — Kjekt innslag

— Det blir same opplegget som i fjor, og det var vi godt nøgde med, spesielt sidan det var første gongen. Det var sju forskjellige innslag på scenen, men det er plass til fleire enn det, seier Kristin Hafstad Stokka som er PR-ansvarleg for Rootsen.

Ho synest det var eit kjekt, nytt innslag i musikkfestivalen.

— Talentkonkurransen er ein del av familiearrangementet på torsdagen som startar med underhaldning for dei yngste, deretter talentkonkurransen og til slutt konsert med Berge og Olav Ohm, fortel Stokka.

 Nærmar seg fristen

Premien for vinnaren av konkurransen er innspeling av ein singel på ABC Lydstudio i Etne.

— Dei som vil delta kan kontakte oss dersom dei treng playback eller annan bistand. Dei kan også ta med seg andre musikarar som er under 25 år. Slik var det i fjor også, seier PR-sjefen.

Fristen for å melde seg på er 26. juni, så det er enno tid igjen for dei som ønskjer delta.

— I fjor var det eitt band, og resten fordelt på to artistar saman og soloartistar, opplyser Stokka.

Aldersfordelinga var frå tenåra og opp i 20-åra i konkurransen i fjor.

Vinnaren, Camilla Larsen, sette pris på at lokale songarar og musikarar får ei scene å vise seg fram på musikkfestivalen i Vikedal. Juryen var samstemt om at ho var vinnaren sjølv om det også var eit vanskeleg val blant fleire gode innslag.