Sjekk trappa di!

Politiet har den siste tida fått meldingar frå huseigarar i Etne, Ølen og Vats om små gjenstandar som har blitt lagt utanfor huset truleg for å markera staden med tanke på innbrot. — Det kan vera ein mynt eller ein lapp på døra, seier lensmann Ingvar Gjærde og me ber folk vera merksame og notera bilnummer når dei oppdagar noko unormalt. Både Haugesund, Tysvær og Karmøy har vore plaga av liknande hendingar, men så langt har ikkje Gjærde fått melding om innbrot her i distriktet.