Tok vinnarbildet. Linda Elin Vestre med Eleah som var fotomodell på bildet som gjekk til topps i Grannar sin fotokonkurranse i fjor sommar.
Foto: Arne Frøkedal
Tok vinnarbildet. Linda Elin Vestre med Eleah som var fotomodell på bildet som gjekk til topps i Grannar sin fotokonkurranse i fjor sommar. Foto: Arne FrøkedalBilde 1 av 2
Vekevinnar 50
Vinnarbildet i sommarfotokonkurransen 2016. Foto: Linda Elin VestreBilde 2 av 2

Tid for sommarbilde

Finn fram kameraet eller ha klar mobiltelefonen til det gode motivet dukkar opp. Det er igjen tid for Grannar sin fotokonkurranse, Årets Sommarbilde.

Linda Elin Vestre i Skjold gjekk til topps av fjorårets sommarfotokonkurranse i Grannar og blei ein verdig vinnar av ein mini iPad. Mange let seg sjarmera av bildet der veslejenta Elea leika seg på alle fire i sølepytten, og då stemmene var talde opp, var det ingen tvil. Ikkje berre var det eit godt motiv, det var også illustrerande på korleis vêret var store deler av fjorårets sommar.

Torsdag i neste veka køyrer Grannar i gang Sommarsidene 2017 der eit fast element også i år er fotokonkurransen. Den har vist seg å vera svært populær og med mange svært gode bidrag sendt inn til oss i redaksjonen. Gjennom heile sommaren skal det kårast seks vekevinnarar. Desse blir med i ein finale der éin vinnar skal kårast gjennom ei avstemming. Det blir i tillegg premiering av tre bilde kvar veke.

Med dette er du invitert til å senda inn bilde til konkurransen. Ta pulsen på sommaren og ver med å set preg på lokalavisa di. Tysdagar kl 13.00 er siste frist kvar veke.

Du sender bildet til: foto@grannar.no eller SMS til 975 70 789.

Hugs info om motivet med namn på eventuelle personar, og sjølvsagt namn på fotograf.

Lukke til og god sommar!

Arne Frøkedal
redaktør