utfor

Til sjukehus etter utforkøyring

To personar er frakta til Haugesund sjukehus for sjekk etter ei utforkøyring like sør for Vikebygd fredag ettermiddag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 16.45.

Den tysk-registrerte bilen var på veg nordover i retning Vikebygd langs fylkesveg 734 då den skar ut av vegen på venstre side. Uhellet skjedde om lag seks kilometer nord for Isvik.

Spor på staden tydar på at bilen har fått nokså hard medfart mellom anna over nokre bergknausar før den enda ferda på eit jorde.

Det var fire vaksne i bilen. Alle er utanlandske statsborgarar.

Ingen sat fastklemd etter ulykka og det skal ikkje vere snakk om alvorleg skade for dei som er frakta til sjukehus.

Like før klokka 18 starta bilberging på staden, og det var venta at vegen ville vere stengt ei kort periode.