Norges nye etterretningsskip, FS «Marjata IV» vart torsdag observert i Skåneviksfjorden. Det topphemmelege skipet er det fjerde i rekkja av forskingsskip som har operert i Barentshavet sidan slutten av 1959 åra og er bemanna av etterretningstenesta. «Marjata» er vart bygd av det norske skipsbyggeriet Vard Langsten. Skroget vart bygd ved Vard Tulcea i Romania og ferdigstilt ved vard Langsten i Tomrefjorden i Romsdal. Den tekniske utrustinga vart gjort ved ein amerikansk orlogsstasjon. Desember 2014 vart skipet døypt av statsminister Erna Solberg. Det 126 meter lange skiper er eit av det mest avanserte i sitt slag i verda og har som oppgåve i henta inn informasjon om russisk aktivitet i nordområda.