Ein syklist er skadd etter ei trafikkulykke i Skånevik.
FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDAL
Ein syklist er skadd etter ei trafikkulykke i Skånevik. FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDAL

Trafikkulykke i Skånevik

Mann i 80-åra skadd.

Ifølgje Sør-Vest Politidistrikt skal er det snakk eit samanstøyt mellom ein syklist og ein bil.

— Ukjend tilstand, skriv dei i meldinga klokka 11 måndag. Ulykka skal ha skjedd cirka kl. 10.45.

Lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor opplyste til Grannar klokka 11.10 at ulykka ha skjedd ved det tidlegare bankbygget i Skånevik sentrum. Han viste då ikkje noko meir om skadeomfang.

Klokka 11.28 får Grannar opplyst av operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt i Haugesund at ambulansebåt er kome fram til Skånevik. Lege er også plass.

Etter kvart kom det også luftambulanse til staden.

Mann i 80-åra

Pasienten er ein mann i 80-åra.

Grannar har fått opplyst at First responder-teamet, ei ordning med lokalt brannvesen, var på plassen kort tid etter at alarmen gjekk. Det same var lege frå legekontoret som ligg like ved ulykkesstaden. Politiet kom til staden cirka 11.30.

Luftambulansen tok med seg pasienten til Haukeland universitetssjukehus like før klokka 12.

Ifølgje politiet er tilstanden til mannen framleis ukjend.

— Undersøkingar tydar på at syklist har køyrd inn i bilen. Det er ikkje mistanke om ruskøyring, melder politiet på Twitter klokka 12.36.