Det var ein kraftig kollisjon front mot front som skjedde på E134 i Skjoldavik tysdag 20. juni.
Arkivfoto: Torstein Nymoen
Det var ein kraftig kollisjon front mot front som skjedde på E134 i Skjoldavik tysdag 20. juni. Arkivfoto: Torstein Nymoen

Kvinne kritisk skadd

To personar er skadd i ein kollisjon i Skjold tysdag ettermiddag.

Ein person er kritisk skadd etter ei trafikkulykke i Isvik tysdag ettermiddag. Vedkomande er transportert til Stavanger universitetssjukehus med ambulansehelikopter. Også ein annan person er skadd og er sendt i ambulanse til sjukehus i Haugesund

Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.45. Kollisjonen skjedde i 60-sona like aust for Skjoldaviktunnelen på E134. Det var to personar i kvar av dei involverte personbilane.

Det er omkøyring via gamlevegen, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund på Twitter.

Trafikkulykka førte til lange køar på den sterkt trafikkerte europavegen, men trafikken glir nå sakte på omkøyringsvegen.

Kl 16.00 gjekk trafikken framleis på omkøyringsvegen med manuell dirigering, og politiet reknar med at vegen forbi ulykkesstaden vil vera stengt utover ettermiddagen.

Statens vegvesen si ulykkegruppe har rutinemessig rykt ut i samband med den alvorlege trafikkulykka i Skjold.

Vegen blei opna for ordinær trafikk rundt kl 18.00.

Siste:

Kvinne i 70-årsalderen kritisk skadd

Stavanger universitetssjukehus opplyser i ei pressmelding tysdag kveld kl.17.25 at pasienten frå trafikkulykka i Vindafjord, ei kvinne i 70-årsalderen, er kritisk skada og at tilstanden er stabil.