Tre poeng til Ølen

Både Ølen og Vats94/Skjoldar var i Haugesund og møtte høvesvis Nord og Haugar til kamp i 5. divisjon fredag kveld. For Ølen vart det ein opptur etter eit par tap i det siste. Nord vart slegne 0-2 etter to mål av Peter Hodne i andre omgang. Nord brann elles to straffar i kampen som førte Ølen opp á poeng med Etne. Etne har ein kamp mindre spelt enn Ølen. Vats94/Skjoldar fekk det tøft mot Haugar som kom frå 0-3 tap for Etne på tirsdag. Haugar var nok interesserte i å reise kjerringa etter tapet, og gav seg ikkje før det stod 8-0 til serieleiarane. Vats 94/Skjoldar må nå slikke såra og mobilisere til siste kampen før ferien. Formsterke Etne kjem til Vats neste fredag for eit skikkeleg nabo-oppgjer. Etne skal i tillegg spela mot Skudenes heime førstkomande måndag. Same dag tar Ølen imot Hemmingstad til siste kamp i vårsesongen.