Av dei mange gode bilda som kom inn til vår fotokonkurranse til Sommarmagasinet 2017, er blinkskotet frå Øygarden i Vikedalsdalen kåra til vinnar. Me bad om bilde som framheva den flotte naturen og motiv som gav inspirasjon til å koma seg ut på tur i distriktet.
Responsen har vore overveldande, og bidraga viser at svært mange likar å ta toppturar med god utsikt. Bildet til 22-åringen skilde seg ut med sin komposisjon, gode lys og ein uttrykksfull fylgjesvenn.
— Er det sant – nå blei eg glad, jubla Linda Østerhus Hauge då ho fekk gladmeldinga frå lokalavisa si.
Vernepleiestudenten frå Vikedal som er busett i Sandeid, er ofte ute på tur, spesielt i fjellet i heimlege strøk. Ho er godt i gang med å fullføra alle måla i «Ut på tur» i regi av Vindafjord kommune, og med i bagasjen er alltid kameraet, det vil seia mobiltelefonen.
— Det er alltid kjekt å ta bilde frå turane, og det spørst om eg ikkje etter dette må skaffa meg eit spegelreflektor-kamera, seier den glade vinnaren.
Takk
Grannar vil retta ein stor takk til alle som deltok i konkurransen. Me set stor pris på at lesarane bidrar til produktet vårt og får fram kor mykje flott distriktet vårt har å by på.
Vinnaren får ein mini iPad i premie, og i tillegg trekkjer me ut tre andre bidragsytarar som kvar får fem Flax-lodd i posten.
Ha ein god tursommar, og bli gjerne inspirert av lesarbilda til å finna ein nytt og spennande mål!
I vedlagte fotoalbumet kan då sjå ei rekkje flotte bilde som lesarane har sendt inn til årets sommarmagasin.
Arne Frøkedal
redaktør