Som under NM-opninga på Gardermoen tidlegare i sesongen, sleit 25-åringen med startane også på Vikedal Motorbane i helga. Han greidde ikkje heilt å henga med i dei to første omgangane.
I tredje omgang blei det derimot full klaff og fart på sakene, og Holten kunne køyra inn til heatsiger og bestetid i omgangen.
— Eg var nøgd med den prestasjonen, i tillegg til at eg var på tredje samanlagt etter første dag, sa Holten etter laurdagens konkurransar.
Også i fjerde omgang som gjekk sundag, køyrde han inn til ei bestetid, og var dermed klar for andresporet i A-finalen i toliterklassen ved sida av Erik Svartås.
— Eg kom ut som nummer to bak Svartås i starten, og la meg bak han. Då eg fekk beskjed om at eg hadde nok avstand til dei som låg bak, gjekk eg inn i alternativsporet og kom ut igjen framleis på andre, fortel Daniel Holten som deretter køyrde seg inn i ryggen på Svartås og forbi konkurrenten då han måtte inn i alternativsporet.
Kenneth Johansen på tredje
Erik Svartås, KNA Varna blei til slutt nummer to, og Kenneth Johansen, også han frå NMK Vikedal, kom på tredje plass i finalen på sundag.
For Holten var målet for helga direkte kvalifisering til A-finalen, og ein plass på pallen til slutt.
— At eg skulle greia å gå heilt til topps er sjølvsagt veldig bra på heimebane, med mange kjente rundt banen.
Etter to NM-rundar er 25-åringen frå Vikedal nå i leiing i sin klasse. Neste NM-runde går på Dokka i regi av NMK Fluberg om tre veker.
Les meir om NM-runden i neste utgåve av Grannar.