Det var mange som ville ta farvel med Hans Olav Tungesvik i dag. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Det var mange som ville ta farvel med Hans Olav Tungesvik i dag. Foto: Grethe Hopland Ravn

— Var ei frihamn

Hans Olav Tungesvik blei i dag gravlagt i Skånevik, og kyrkja var fylt til siste sete med folk som ønskte å ta eit siste farvel. Ettermælet hans er stort, og han blei omtala som ei frihamn for folk.

Skånevik kyrkje var nesten fullsett ein time før sjølve gravferda starta. Nærare 60 blomsterkransar låg rundt kista og helsingane vitna om at ein mann som betydde mykje for mange, har gått bort.

— Hans Olav har vore ein midlertidig tilfluktstad for mange som har hatt uroleg hjarte, som har mangla framtidshåp og som har møtt på motstand. Han har vore ei frihamn for mange i vegen mot å koma seg på beina igjen, sa tidlegare kapellan og ven av Tungesvik, John Kristian Gramstad Rolfsnes som forretta i gravferda.

Han brann for både Kristus, menneskeverdet og for rettferd

Knut Arild Hareide, leiar Krf

Eit førebilete

Dottera til Hans Olav Tungesvik, Gunvor Tungesvik Langseth fortalte om oppvekst som var trygg og god, om ein far som aldri dytta barna i retningar dei ikkje gjekk sjølv, men som støtta dei hundre prosent. Ein far som alltid gledde seg når barna lukkast.

Han var ei eldsjel, eit medmenneske og foreldra var eit førebilete på korleis ein skal ha eit lukkeleg ekteskap.

Leiar i Krf, Knut Arild Hareide omtala Hans Olav Tungesvik som ein bauta, som utstråla både varme og omsorg.

— Han brann for både Kristus, menneskeverdet og for rettferd. Dette kjem til å brenna vidare etter Hans Olav, sa Hareide.

 

Les meir i måndagsavisa