Vats94/Skjoldar med bortesiger

Det vart spela full runde i den lokale 5. divisjon måndag kveld, og både Etne, Ølen og Vats 94/Skjoldar hadde bortekampar.

Best gjekk det for Vats 94/Skjoldar som vann heile 2-6 over Nord, etter at det stod 1-5 ved pause. På skåringslista for Vats 94/Skjoldar finn me Remi Torgersen(2), Morten Frøland(2), Svein Halldor Skare og eit sjølvmål.

Etne tapte 2-1 for opprykkskandidaten Hemmingstad etter ein jamn kamp i Haugesund. Thomas Lien sendte gjestene i leiinga rett etter pause, men Hemmingstad snudde kampen. Sigersmålet til Hemmingstad vart sett inn i det 90. minutt, og Etne måtte reise heim utan poeng.

Endå verre gjekk det med Ølen som vart regelrett knust i kampen mot Leirvik Ballklubb på Stord. 5-2 enda kampen etter at heimelaget leia 2-1 til pause. Stord-klubben har fleire tidlegare Ølen-spelarar på laget , og både Espen Vaka(2) og Alfred Berge var blandt skårarane i kampen.

Etne og Ølen ligg midt på tabellen på høvesvis 7. og 8. plass, medan Vats 94/Skjoldar tok seg forbi Torvastad og Nord med kveldens resultat. Laget ligg nå på ein 10. plass.

Ølen spelar heime mot Kopervik 2 på torsdag, medan Vats 94/Skjoldar tar imot Hemmingstad på fredag.

Etne må vente heilt til neste tirsdag før dei tar imot serieledar Haugar på Etne Stadion.