Det var travelt for etneforsvaret då Vats94/Skjoldar jakta siger på heimebane. Dei klarerte mange skot, men Øystein Gjellestad (i midten) sørgde for at ballen nådde nettet i første omgang. 
Foto: Sirianne Vikestad
Det var travelt for etneforsvaret då Vats94/Skjoldar jakta siger på heimebane. Dei klarerte mange skot, men Øystein Gjellestad (i midten) sørgde for at ballen nådde nettet i første omgang. Foto: Sirianne Vikestad

Vats94/Skjoldar vann

Vats94/Skjoldar viste at Etne, trass stor suksess i vårsesongen, må rekna med hard kamp om poeng i lokaloppgjer.

Vårsesongens siste kamp før ferie vart eit ordentleg lokaloppgjer mellom Vats94/Skjoldar og Etne.

Etne har allereie sikra seg plass på øvre halvdel av 5.divisjonstabellen, men måtte i dag innsjå at Vats94/Skjoldar utretta meir med ballen på Etne sin banehalvdel. Med store sjansar, gode duellar og betre avslutningar foran mål kjempa Vats94/Skjoldar seg til ein fortjent siger i lokaloppgjeret. Øystein Gjellestad utnytta nemleg sjansen godt då han vart spela inn frå venstre i 16-meteren og satte ballen i nettet før halvtimen var gått i første omgang.

Bortelaget kom ikkje til dei gode avslutningane, medan heimelaget på Vats Stadion kunne ha auka måltalet ytterligare, hadde det ikkje vore for at Lars Øvernes stengte målet i duell og hindra at ballen kom over målstreken ved fleire anledningar.

Vats94/Skjoldar var raske på foten og hadde høg intensitet gjennom heile kampen fram mot dei siste minutta. Då hadde eit solid forsvar klarert unna Etne sine forsøk på å spela seg inn i kampen att. Etne kom meir med i kampen det siste kvarteret av dei 94 minutta kampen varte, men avslutninga mangla, og dei måtte dra mållause heim.

Det vart ein underholdande kamp med mange dødballar og frispark, samt eit par gule kort når det gjekk varmt for seg på Vats Stadion.

Vats 94/Skjoldar fekk altså ein god slutt på ein ellers tung vårsesong og tar med seg 14 poeng inn til haustsesongen etter ferien. Etne leiar enda lokalt, og har sikra seg 6.plassen med 21 poeng. Laget ligg to poeng over Ølen.

Les meir om kampen i torsdagens papiravis.