— Me har spelt på kvart grende- og kulturhus som finst i regionen oppigjennom åra, fridde Åge til lokalpublikummet med, litt etter konsertstart halv tolv torsdag kveld. Anekdotar frå spelejobbar i Haugesund, fleire tiår tilbake i tid, syntes han å hugse som om det var i går. Publikum responderte entusiastisk, nokre av dei truleg med nettopp slike fordums lokale konsertar i minne. For eksempel er det dei sagnomsuste høva då Aleksandersen sprengte kapasiteten på Sandeid samfunnshus på 70- og 80-talet.
Storslager først ut
Med mannsterk og virtuos oppbakning frå det eminente bakom-bandet «Sambandet», åpna musikkikonet friskt med «Levva Livet» allereie som første låt ut. Tilskodarane lot seg rive med, og ein skulle slite litt for å ta seg langt fram mot scenen, etterkvart som trønder-rockarane satte inn giret utover konserten. Gitarist Gunnar Pedersen tok gitarsoli på sin velbrukte, kvite 1969 Stratocaster, som trollbandt publikum i meir rolege augeblikk. Kombinasjonen av mann og gitar her er det godt mulig at er nøyaktig det ein eksempelvis høyrer på den originale plateversjonen av “Lys og Varme” frå 1984.
Største trekkplaster for mange
— «Levva Livet», det er den låta som aller meist ikkje kan unnværast, uttrykte Knut Severin Berge frå Ølensvåg. Den fekk han som nemnt raskt levert frå scena. Han og utvandra Etne-bu Ronny Flesjå såg fram til konsert over nokre pils ute på lekteren i elleve-tida. Åge var kanskje deira høgdepunkt for Bluesfestivalen i år.
— Åge stiller sterkt, men det må kanskje blir dødt løp mellom han og TNT på fredag, er Flesjå og Berge samstemde om.
God start på langhelga
Vêret heldt fred, med opplett og relativt grei temperatur torsdag kveld. Bluessjef Alf Christophersen Warloe rapporterer god tilflyt av betalande bluesgjester på første formelle festivaldag.
— Me er veldig fornøyd, det var vel 2000 gjester innom torsdagen, fortel Christophersen. — Når ein kanonbra gjeng som Åge og Sambandet kjem så må det jo bli bra, dei leverte varene.