Arbeidsulykke på Toraneset

Ein mann i midten av 60-åra er sendt til Haugesund sjukehus etter ei fallulykke inne på området til Toraneset Miljøpark i Vindafjord.

Mannen, som ikkje er frå Grannar-distriktet, skal være sjåfør på eit vogntog som skulle hente avfall på staden.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 11.45 fredag.

— Han har stått på eit rekkverk i samband med lasting då han fall to til tre meter ned i asfalten. Mannen er fraktet til Haugesund sjukehus med ambulanse, opplys politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Ved Haugesund sjukehus får Grannar opplyst like før klokka 15 fredag at mannen er lettare skada.