Brann i einebustad

Torsdag kveld kl. 21.55 kom der inn ei melding om brann i ein einebustad i Skånevik. Nabo kom til unnsetning, men fekk lettare forbrenning på arm og fot. Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund melder om brannskader på kjøkken, og har oppretta sak på forholdet.